bilde i galleriet

Stryningen Gina Egedahl vende nasen heimover ved årskiftet, etter 5 år i Bergen. Ho tok utdanninga si ved Norsk Frisørskule og læretida gjennomførte ho hos Ramsvik Frisør som held til på Xhibition i Bergen sentrum.

Gina har alltid vore bestemt på å flytte heim igjen til Stryn der ho har vakse opp og trivest veldig godt. Det er ein flott plass å bu. Så då sjansen bydde seg med jobb i Stryn kunne ho ikkje sei nei.

Ho elskar faget sitt og ho har hatt fullt opp å gjere etter at ho byrja å jobbe hjå Petit. Fulle lister og ventelister. Ho trudde at det skulle bli rolegare å jobbe i Stryn enn i byen, men der tok ho feil. Det er nesten meir travelt her enn det var i Bergen, fortel ho. Den største forskjellen er den store variasjonen av kundar som ho får her i Stryn. Og det er veldig kjekt. Det gjer at arbeidsdagen ikkje blir einsformig.

I faget sitt har ho spesialisert seg på farge og stripe. Da får ho brukt både kreativitet og fagkunnskapen sin. Det er veldig kjekt å hjelpe folk med å få ein ny fresh look som dei er fornøgde med.

Når vi snakkar framtid med Gina så trivest ho veldig godt med å være i eit fagmiljø med gode kollegaer på salongen. Ho har også erfaring frå helsesektoren og har jobba som hjelpepleiar. Ho såg da at det kunne være eit behov for å tilby frisørtenester heime hjå folk, for dei som ser det som utfordrande å kome til salongen. Det er noko ho har lyst til å sjå nærare på i framtida, men akkurat no trivest ho slik som tinga er.

På fritida spelar ho handball og brukar naturperla Stryn som rekreasjon og inspirasjon. Fleire jamaldrande har flytta heim så kontaktnettet er der, men enda fleire ynskjer å kome tilbak til Stryn. Det er som oftast moglegheita for jobb som stoppar flytteplanane.

Men Gina er komen for å bli. Du møter henne kvar dag på Petit Hårstudio

Ynskjer du å bestille time hjå denne flotte jenta eller ein av kollegaene hennar:

https://www.ledigtime.no/petit/p/hjem