bilde i galleriet

Dei er glade for kvar dag dei kan få gå på jobb

Trass i den underlege tida vi er inne i, stiller gjengen på Rema 1000 i Stryn på jobb kvar dag. Dei er glade for at dei er friske og kan gå på jobb.

Arne og gjengen hans har vore i full drift sidan Koronaviruset slo inn. Dei set alt inn på at det skal vera trygt og godt for alle å kome innom å handle.

Dei har delt seg inn i 4 lag som rullerar. Det er eit lag som går på kl 7 om morgonen og jobbar fram til kl 16. Då tek neste lag over og jobbar fram til kl 23. Det er eit eige lag som kun driv med varepåfylling og så har ein etablert eit reservelag, dersom nokon skulle bli sjuke.

Og bank i bordet, det er ingen sjuke. Dei ulike laga skal ha minst mulig kontakt med kvarandre. Dette fungerar veldig godt.

Dei tilsette trives og gjer sitt ytterste for at kundane skal kjenne seg trygge når dei kjem til butikken. Dei tilsette opplever også at kundane respekterer dei nye reglane og fylgjer desse. Det er med på å gjere arbeidet til dei tilsette lettare, samt at det skapar ein trygg handel for alle.

Har du ikkje mulighet for å kome til butikken så hjelper Arne og gjengen hans deg med å få varene tilkøyrt. Ta kontakt på mobil 916 74 708 eller på epost stryn@rema.no

Det står stor respekt av det arbeidet som Arne og gjengen hans gjere no i desse tider. Vi er veldig takknemlege for at dei står på for at vi skal få ein betre og lettare Koronakvardag.

No nærmar påska seg også og ein vil minne på kundane Handlevettreglane:

  1. Planlegg påskehandelen.
    Husk å planlegge påsken tidlig i år, slik at du bidrar til å spre handlingen utover og unngå at mange mennesker er i butikkene samtidig.
  2. Meld fra til naboen.
    Tilby hjelp til venner, familie eller andre som ikke får handlet når du først skal på butikken selv.
  3. Hold avstand.
    Ha minimum 1 meter avstand til både kunder og ansatte når du handler.
  4. Vask hendene.
    Husk å vaske hendene med såpe og vann både før og etter handleturen.
  5. Vend i tide.
    Vær ekstra varsom når du er på butikken og unngå å ta på varer du ikke skal handle selv.
  6. Betal kontaktløst.
    Bruk kontaktløs betaling hvis du kan, da bidrar du til å minske risikoen for smitte via kontaktflater i butikken. Du kan bruke kanten på bankkortet til å bekrefte kjøpet.
  7. Ta hensyn.
    Ta hensyn til både andre kunder og ansatte når du handler. Hold avstand og bruk papirlommetørkle eller albuen hvis du må hoste eller nyse. Hold deg hjemme hvis du er syk.
  8. Lytt til råd fra helsemyndighetene

Takk for at de handlar hos oss og Arne og gjengen hans ynskjer alle ein retteleg GOD PÅSKE 🐣🐤