bilde i galleriet

Tirsdag 15. mars tok frisørlærling Ingrid Dragsund Mork svenneprøven i frisørfaget. Og ikkje berre besto ho prøva, men ho bestod med beste karakter - Meget Godt Bestått.

Det var ei glad jente vi traff på salongen Clip Frisør. Her har ho vore lærling i 3 år og tida har gått fort. Ho har hatt gode læremeistrar i Karin og Josefine.

Etter læretida er det mange som reiser vekk fra Stryn, for å søke nye utfordringar. Det skjer ikkje med Ingrid. Ho blir værande på Clip Frisør og meiner at det er flusst av utfordringar i heimemiljøet sitt. Her er alle type kundar som ho får jobbe med og utvikle seg saman med. Og ikkje minst får ho vere i eit god arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar. Ho ser fram til å få jobbe vidare i Stryn.

Vi ynskjer Ingrid masse lykke til.