Det var smilande fjes på begge sider av disken, då Notabene opna butikk att i Stryn Torg fredag.

bilde i galleriet

Det var smilande fjes på begge sider av disken, då Notabene opna butikk att i Stryn Torg fredag.

Notabene opna butikk i Stryn Torg fredag i same lokale som for to år sidan. Her butikksjef i Ulsteinvik, Marianne Brandal Haugen (f.v.), butikksjef i Stryn, Christina Svarstad (startar for fullt frå desember) og Notabene-eigar Harald A. Enersen. SigridHeggestad Sigrid.heggestad@fjordingen.no

I dag er vi veldig glade. Tilbakemeldingane vi har fått er veldig gode, seier ein smilande eigar Harald A. Enersen frå Ålesund.

Etter konkursen til Notabene for to år sidan, kjøpte han opp merkevaren. Han har starta opp att Notabene som eit lite konsern med fem butikkar på Nordvestlandet, frå Måløy til Molde. Stryn blir den sjette og truleg siste butikken hans.

– Vi ønskjer å vere lokale. Stryn passa veldig godt inn i filosofien min om å vere ein lokal bokhandlarkjede, som er annleis enn dei andre kjedene. I tillegg er det plass til oss her, og vi hadde historisk gode tal frå sist gong, seier Enersen om årsaka til etableringa i Stryn.

Han har planar om å lage eigne produkt som er lokalt tilpassa, som strynepuslespel og strynequiz.

Han rosar butikksjefen og dei tilsette for å ha lagt ned ein stor innsats for å ting på stell til opninga.

– Eg hadde ikkje klart det utan å ha personar som har same lidenskap og lysta som meg for dette, seier han.

Det blir eit tett samarbeid mellom dei seks butikkane. Netthandel gjennom nettbutikken til Notabene blir og viktig.