bilde i galleriet
Bokhandlarar slår seg saman

Lokaleigde Notabene inngår som medlem i Norli. Det opplyser eiga Harald Enersen i ei pressemelding.

– I løpet av hausten vert Notabene-butikkane omprofilerte til Norli. I denne samanheng vil Notabene og gå over til å nytte Norli sin digitale plattform, og går vekk frå notabene.no, står det vidare i meldinga.

Eigarforholdet blir som før, at Harald Enersen eig 100 prosent av Notabene-butikkane.

– Vi har hatt eit samarbeid med Norli i mindre skala i to år, og vi ønskjer no å samarbeide endå tettare. Norli har dei siste åra hatt ei imponarende vekst, og dei har eit profesjonelt og velsmurt maskineri. Dei tilbyr ein modell for medlemmer som passar oss godt, og som eg er sikker på at vil gjere oss betre rusta i åra som kjem, seier Enersen.

Administrerende direktør i Norli, John Thomasgaard er fornøgd med å få meir nærleik til kundane på Nordvestlandet.

– Som medlem i Norli har ein stor friheit til å forme butikkane og innhaldet som ein ønskjer sjølv, og med lokalt eigarskap er det tilrettelagt for at butikkane skal drivast med lokal tilpasning, fortel han.

" Artikkel er henta frå Fjordingen 6. august 2022 - nettutgåva"